Fjellet Raudmelen

Fjellet Raudmelen 972 moh ligg rett ovanfor Balestrand tettstad. Dette er
innfallsporten til turistbygda frå sjøvegen. Turstien frå sentrum og til toppen er godt opparbeid og merka som del av eit variert stinett. Den T merka stien inviterer til lengre turar inn i eit fjellområde med storslagen utsikt både over Sognefjorden, Esefjorden og Fjærlandsfjorden. På klare dagar kan du sjå toppane i Horrungane i horisonten mot øst. Raudmelen har truleg fått namnet på grunn av den varme fargen fjelltoppen får i låg kveldssol slik det går fram av bildet.

Mange turistar har begeistra omtalt turen til Raudmelen:

“One of the world’s best hikes”

«I’ve hiked all around the world. This is one of the most breathtaking hikes I’ve ever been on. We started at the main trailhead and made our way up. It took us about 3 hours to get to the top with plenty of breaks to enjoy the views.»

Her er ein røynd turgåar sin blogg om Raudmelen:
http://fjell-luft.blogspot.no/2014/06/balestrand-raudmelen-vidsyn-over-fjell.html

Del dette!