Løype

+ løypeprofil

Balestrand Opp er en løype på 5,8 km, startar heilt i sjøkanten framføre Kviknes Hotel, går gjennom delar av sentrum forbi det nye reiselivsmuseet, vidare forbi Engelskyrkja og Midtnes Hotell, Lærargata og så inn på stien ovanfor skuleområdet til Sagatun og Sygna. Så kjem det ein relativt bratt stigning på gode løyper opp til utsiktspunktet Orrabenken 300 moh:

Herifrå vert det eit noko slakare parti før det kjem ei bratt stigning opp til Klukshaug på 475 moh. Løypa går så gjennom vakker bjørkeskog opp til neste utsiktspunkt Buråsi 575 moh. der drikkestasjonen og mellomtid er. No er vi over tregrensa med storslagen utsikt heile vegen på ryggen opp mot Raudmelen og målgang på 972 moh.

Del dette!