Om Balestrand

Balestrand ligg vakkert til mellom fjord og fjell  der Sognefjorden er på sitt breiaste.
Å ta imot gjester frå inn- og utland som søker natur- og kulturopplevingar er ein tradisjon i bygda heilt frå midten av 1800-talet.

Kommunen har om lag 1300 innbyggjarar og har mest like mange gjestesenger. Kvikne’s Hotel er eit internasjonalt kjent landemerke ved fjorden.

Kanskje er det  tradisjonane med å ta imot utanlandske besøkande som gjer at det mellom innbyggjarane i bygda fins folk frå 30-40 ulike nasjonar.

Landbruk, servicenæringar og industri er dei viktigaste næringsvegane i tillegg til turisme.  Bygda har eit aktivt organisasjonsliv, og det er godt tilrettelagt for idrett- og friluftsliv både sommar og vinter.
Sygna Vidaregåande skule har elevar frå heile landet.

Del dette!