Påmeldingsfrist for konkurranseklassar: 16. september kl. 11.00

Påmeldingsfrist for mosjonsklasse: 15. september kl. 15.00

Yngste klasse i konkurranseklassa er 15 år (f. 2002)

Påmeldingsfristen for konkurranse på Internett er 16. september kl. 11.00.

Etterpåmelding i både konkurranseklassen og mosjonsklassen ved personleg frammøte i sekretariatet, som er i foajèen på Kviknes hotell, fredag den 15. september frå kl 17.00 til kl. 22.00 og same stad frå kl. 09.00 til 11.00 på løpsdagen.

Startkontigentar

Kr. 350,- i konkurranseklassane for alle over 23 år og eldre

Kr. 300,- i konkurranseklassar for alle mellom 15 og 22 år

Kr. 200,- i mosjonsklassa for alle som er 23 år og eldre

Kr. 100,- i mosjonsklassa for alle som er 22 år og yngre.

Familiar som melder på 3 eller fleire samla betalar makspris på kr. 400,-. Dette gjeld kun for deltakarar i mosjonsklassa og kan ikkje gjerast ved påmelding på internett. Dette gjer de ved påmelding i sekretariatet på løpsdagen eller dagen før. Når ein betalar startkontigent, må det kome tydeleg fram kven betalinga gjeld for.

Me gjer merksam på at dei som melder seg på i familieklassen må fylle ut eitt påmeldingsskjema pr. familiemedlem.

Norges friidrettsforbund (NFIF) krev lisens for alle startande over 13 år.
Eingongslisens er eit val de kan gjere når de melder dykk på.

Arrangementet er underlagt NFIF sitt regelverk og har dermed alle gjeldande forsikringsordningar på arrangementet. Aktive utøvarar og mosjonistar vert forsikra gjennom gjeldande lisensordning ved påmelding eller med eigen årslisens.

Startkontigenten må betalast med ein gong etter at ein har meldt seg på.

Del dette!