Praktisk info

Start:

Framføre Kviknes hotel ved Sognefjorden 0 moh

Mål:

Raudmelen 972 moh.

Viktig informasjon rundt løpet

 

Konkurranseklassa

Nedre aldersgrense for deltaking  konkurranse er 15 år. (f. 2002)

I konkurranseklassen er det påbode med sekk. Sekken må vege minst 2,5 kg.

Deltakarane må sjølv bere med seg kle i sekken, for det kan vere kaldt på toppen!

Mosjonsklassa

Kl. 09.00 – 11.00 er valgfri starttid for mosjon utan tidtaking. Yngre born enn 12 år kan kun delta ifølgje med foreldre eller andre ansvarlege vaksne.

Arrangørane vil oppmode alle i mosjonsklassa om å kome seg til topps på Raudmelen før kl. 13.00 for å lage ei flott stemning i målområdet når konkurranseløparane kjem stormande i mål. Alle, både mosjonistar og konkurranseløparar, som startar nedturen medan løparar framleis er på opptur, har «vikeplikt» og må vise omsyn.

Alle i mosjonsklassa bør ta med drikkeflaske som dei kan fylle opp på drikkestasjonen på Buråsi 575moh.

Overnatting

Kviknes Hotel 

Midtnes Hotel 

Sjøtun camping 

Balestrand feriehytter – Tlf:  993 64 247

Målsnes hytter – Tlf: 997 32 226

Kallestad hytter – Tlf:  906 39 582

Deltakere

Henting av startnummer

Startnummer kan hentes i sekretariatet på Kviknes Hotel
Fredag 15.09 fra kl 18.00 – 22.00
Lørdag 16.09 fra kl 09.00-12.00

Starttider

Mosjonsklassa: Valgfri start mellom kl 09.00 og 11.00.

Konkurranseklassane: Fellesstart kl 12.30

Startområdet

Starten på løpet er framføre Kviknes hotel ved Sognefjorden 0 moh.

Mellomtid

Undervegs tar me ei mellomtid. Denne mellomtida blir tatt på Buråsi (575 moh). Det vil vere arrangørar på denne mellomtida.

Førstehjelp

Skulle du, eller ein av konkurrentane dine få problemer undervegs, vil Røde Kors være plassert fleire stader langs løypa.

Målgang

Kryss mållinja på toppen av Raudmelen (972 moh) og du har fullført Balestrand Opp 2017! Tida blir tatt når du er heilt over mållinja. Husk å smil til fotografen på toppen 😀

NB: Husk å ikkje stoppe opp her, men gje plass til andre som kjem.

Garderobar

Garderobar blir tilgjengelege i Belehalli, idrettshallen ved Sagatun skule.

Resultater

Resultatene blir publisert så raskt som mogeleg på balestrandopp.no/resultater.

Premieutdeling

Blomstersermoni og premieutdeling blir på Kviknes hotell kl. 16.00. Med påfølgende bankettmiddag.

Me har følgjande premiar:

  1. plass både for kvinner og herrer – 7000 kr
  2. plass både for kvinner og herrer – 4000 kr
  3. plass både for kvinner og herrer – 1000 kr

I tillegg til dette vil det bli premiering i alle klasser.

Premiering av skuleklassar og bedrifter

Balestrand Opp premierer dei skuleklassane og bedriftene som har høgast prosentvis deltaking i høve til storleiken på klassen/tilsette i bedrifta.
Frist for påmelding til dette er fredag 15. sept kl. 20.00. Skulen/bedrifta sender inn ei namneliste med deltakarprosenten til: post@balestrandopp.no

 

Bilder

Fotografar vil ta bilder undervegs i løpet. Desse bildene vil bli publisert på facebooksida til Balestrand Opp kort tid etter løpet og etter kvart på balestrandopp.no.

#balestrandopp

Balestrand Opp er eit arrangement for alle aldre og alle i familien. Bli med, ta bilder og del din opplevelse med hashtagen: #balestrandopp

Transport/ korleis kome til Balestrand

Ekspressbåt frå Bergen eller Flåm

Båten legg til kai sentralt i Balestrand.

http://www.norled.no/Default.aspx?pageid=1325

Fly til Sogndal eller Førde og bil eller buss til Balestrand

https://avinor.no/flyplass/sogndal/

https://avinor.no/flyplass/forde/

http://leigebil.no/

http://www.firda-billag.no/

http://www.nettbuss.no/rutetilbud/lokalbuss/sogn-og-fjordane

Med bil eller buss frå aust,sør, vest og nord. Ferje over Sognefjorden.

http://www.fjord1.no/ferje

http://www.firda-billag.no/

http://www.nettbuss.no/rutetilbud/lokalbuss/sogn-og-fjordane

Del dette!